Foto:
Fotograf Marta Lystad Johansen
Hei! Eg heiter Anbjørn, er 27 år gammal og kjem frå Ørsta. I år stiller eg til val for Ørsta Høgre fordi eg vil arbeide for at Ørsta skal vere ein kommune som skaper moglegheiter for alle. Med arbeidserfaring frå både barnehage og eldreomsorg, og snart 8 år i Ørstapolitikken, håper eg at eg kan bidra med erfaringar og kunnskap til Høgre si kommunestyregruppe.
Ein skule der alle kan lukkast.
Ei trygg og verdig eldreomsorg.
Ein ansvarleg økonomisk politikk.